Finskegrensa
736 kilometer lang landegrense mellom Finland og Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Den norsk-finske grensa eller finskegrensa er riksgrensa mellom Noreg og Finland. Ho er 736 km lang, rekna frå Treriksrøysa i Storfjord i Troms til Treriksrøysa i Pasvikdalen i Finnmark.[1]
Store delar av finskegrensa går gjennom grisgrendte strok, frå Storfjord til Reisa nasjonalpark gjennom fjellområde, lenger aust gjennom Finnmarksvidda. Frå Anárjohka nasjonalpark fylgjer ho Anárjohka og Tana sine løp til Polmak, der grensa bryt av søraustover til Neiden og deretter sørover til Pasvikdalen.
Treriksrøysa mot Sverige ligg 600 m lenger nord enn røysa mot Russland. Grensa fram til Neiden vart fastlagd i 1751 som ein del av den norsk-svenske grensa, og vart ikkje «finskegrensa» før 1809, då Sverige måtte gjeva frå seg Finland til Russland etter deira posisjon under Napoleonskrigane. Finland vart under russisk styre eit sjølvstendig storhertugdøme.[2][3]
På norsk side ligg fylka Troms og Finnmark langs finskegrensa, medan på finsk side ligg Lappland langs norskegrensa. Dei viktigaste grenseovergangane er på Europaveg 8 frå Skibotn, Riksveg 93 ved Geadgejávri, Riksveg 92 austom Karasjok og Europaveg 6/Europaveg 75 ved Utsjok. Sistnemnde er den beste overgangen mellom Finland og Noreg med omsyn på gjennomgåande vegstandard.