Finkefamilien
familie av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Finkar er ca. 200 artar av sporvefuglar i familien Fringillidae. Dei er hovudsakleg frøetande songfuglar. Dei fleste lever på den nordlege halvkula, men ein underfamilie er endemisk for den neotropiske regionen, ein til Hawaii, og ein underfamilie - monotypisk på genus-nivå - finst berre i den palearktiske regionen. Det vitskaplege namnet Fringillidae kjem frå det latinske ordet 'fringilla' for bokfink (Fringilla coelebs) - ein medlem av den siste underfamilien - og han er vanleg i Europa.
Finkefamilien | |
Fuglar frå finkefamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Finkefamilien Fringillidae Vigors, 1825 |
Mange fuglar i andre familiar har òg ofte vore kalla finkar. Til dømes praktfinkar for astrildar i fangenskap, og darwinfinkar på Galapagosøyane, som gav prov på naturleg utval, er no anerkjende for å vere tanagarar. Vierfink er ein art utan nærskylde og er si eiga slekt og eigen distinkte familie Urocynchramidae.
Nokre finkeartar blir smugla over landegrenser og selt som eksotiske kjæledyr.