Fibula
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fibula (/ˈfɪbjʊlə/, fleirtal fibulae /ˈfɪbjʊli/) er ei brosje eller ei nål ein kan bruka til å festa klede med, typisk ved høgre skulder.[2] Det blei utvikla fibula i ei rekkje ulike former, men alle blei laga etter same prinsippet som ei sikringsnål. Til forskjell frå mange moderne brosjer var ikkje fibulaer berre dekorative; dei hadde opphavleg ein praktisk funksjon med å festa klede, som kapper.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå leggbein.
Det finst hundretals ulike fibulatypar. Dei blir vanlegvis inndelte i grupper etter kva historiske tidsrom, område og/eller kulturar dei kjem frå. Fibulaer kan også delast inn i klassar ut frå hovudforma si. Fibulaer erstatta beine nåler som blei brukte til å festa klede i yngre steinalder og bronsealderen. I sin tur blei fibulaer erstatta som kledefeste i mellomalderen av knappar. Sikringsnål og brosjer som er avleidde frå dei er framleis i bruk i moderne tid.
I det gamle Roma og andre latinske stader blei det same ordet brukt både om brosjer og leggbeinet fordi ei populær brosjeform minna om forma på beinet. Ein kunne også bruka fibulaer som votivgåver til guddommar.[2]
Det er vanleg å finna mista fibulaer, eller delar av dei, i samband med bruk av metalldetektor.