Eidsvollsbygningen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eidsvollsbygningen | |||
| |||
Eidsvollsbygningen i februar 2014 Foto: Hans A. Rosbach | |||
Offisielt namn | Eidsvollsbygningen | ||
---|---|---|---|
Stad | Eidsvoll | ||
Eigar | Staten | ||
Påbegynt | Ca 1770 | ||
Grunnflate | 2 000 kvadratmeter | ||
Rom | 35 (utan kjellar og loft) | ||
Eidsvollsbygningen 60.300833333333°N 11.170833333333°E / 60.300833333333; 11.170833333333 |
Eidsvollsbygningen er ein bygning på Eidsvoll Verk i Eidsvoll kommune i Akershus som Riksforsamlinga disponerte i 1814 for å utarbeide og gjere vedtak om grunnlov for Noreg: Kongeriget Norges Grundlov. Det var i Eidsvollsbygningen prins Kristian Fredrik blei vald til konge av Noreg.[1]
Eidsvollsbygningen var tidlegare hovudbygninga på Eidsvoll Jernverk, og kalla Eidsvoll Verk. Saman med Wergelands Hus, Nordre Paviljong, Søndre Paviljong, Vognremissen, Konservatorboligen og parken som omkransar eigedomen utgjer Eidsvollsbygningen med inventaret det nasjonale minnesmerket over Riksforsamlinga i 1814.[2][3]Bygningen blir forvalta av stiftinga Eidsvoll 1814, ei avdeling av Norsk Folkemuseum.
Den opphavlege bygningen er frå om lag 1770. Denne bygningen er den austre halvparten av det huset som står i dag, etter at Carsten Anker, eigaren av Eidsvoll Jernverk, bygde om og utvida huset om lag 1800 for at det skulle tene som bustad. Huset vart då ein av dei største og mest moderne privatbustadene i Noreg.