Kristian Fredrik av Noreg
konge av Noreg 1814, konge av Danmark 1839-1848 / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kristian Fredrik (18. september 1786–20. januar 1848) var norsk og dansk konge av den oldenborgske slekta. Som Christian Fredrik var han norsk konge frå 17. mai til han formelt sa frå seg trona 10. oktober 1814.[1][2]
Kjappe fakta Regjeringstid, Fødd ...
Kristian Fredrik Christian VIII | |||
| |||
Konge av Danmark Konge av Noreg | |||
Regjeringstid | Danmark: 1839–1848 Noreg: 1814–1814 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 18. september 1786 | ||
Fødestad | Christiansborg | ||
Død | 20. januar 1848 | ||
Dødsstad | Amalienborg | ||
Gravstad | Roskilde domkyrkje | ||
Føregangar | Fredrik VI av Danmark-Noreg | ||
Etterfølgjar | Danmark: Fredrik VII Noreg: Karl II | ||
Gift med | Charlotte Frederikke av Mecklenburg-Schwerin, Caroline Amalie av Danmark | ||
Dynasti | Fyrstehuset Oldenburg | ||
Motto | Gud og fædrelandet | ||
Far | Arveprins Frederik | ||
Mor | Sophie Frederikke av Mecklenburg-Schwerin | ||
Born | Fredrik VII av Danmark, Frederik Carl Eide, Frederik Kraft, unavngitt sønn |
Close
Seinare overtok han som kronprins av Danmark den danske trona i 1839 som Christian VIII og var konge til han døydde i 1848. Kristian Fredrik var siste eineveldige konge av Danmark.
Då Fredrik VI ikkje etterlét seg søner, var Kristian Fredrik i høve Kongeloven næraste arving til trona. Kristian Fredrik var i namnet halvsyskenbarn av Fredrik VI.[2]