Eider
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eider er den lengste elva i Schleswig-Holstein i Tyskland. Elva har utspring nær Bordesholm og renn gjennom dei sørvestlege områda av Kiel langs kysten av Austersjøen, men ho held fram vestover og munnar ut i Nordsjøen i staden for. Dei midtre delane av Eider vart nytta som ein del av Kielkanalen.[1]
Eider | |||
dansk Ejderen, latin Egdor eller Egdore | |||
elv | |||
Eider nær Tönning | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Lengd | 188 km | ||
Kjelde | Nær Bordesholm | ||
Munning | Nordsjøen | ||
Eider 54.138333333333°N 10.127222222222°E / 54.138333333333; 10.127222222222 | |||
Wikimedia Commons: Eider | |||
Tidleg i mellomalderen var Eider grensa mellom saksarane og Danmark, som Adam av Bremen rapporterte i 1076. I fleire hundreår var elva grensa mellom Danmark og Det tysk-romerske riket[2] I dag er ho grensa mellom Slesvig og Holstein.
Eider renn gjennom byane Bordesholm, Kiel, Rendsburg, Friedrichstadt og Tönning. Nær Tönning munnar ho ut i Nordsjøen. Elvemunningen har gjørmete strender og brakkvatn. På tvers av elvemunningen går det ein stormflodbarriere, som kan lukkast.