Den spanske arvefølgjekrigen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den spanske arvefølgjekrigen (1701–1714) vart utkjempa mellom fleire europeiske stormakter, hovudsakleg spanjolane lojale til erkehertug Karl, Det tysk-romerske riket, Storbritannia, Dei sameinte Nederlanda, Portugal og Hertugdømet Savoie mot spanjolane lojale til Filip V, Frankrike og Kurfyrstedømet Bayern om ei mogeleg samanslåing av Kongedøma Spania og Frankrike under eitt Bourbon-monarki. Ei slik samanslåing ville drastisk ha endra maktbalansen i Europa. Krigen vart hovudsakleg utkjempa i Europa, men omfatta òg Dronning Anne-krigen i Nord-Amerika og vart prega av kjende generalar som Duc de Villars, jakobitten hertugen av Berwick, hertugen av Marlborough og prins Eugene av Savoie. Krigen enda med at Filip vart anerkjend som konge av Spania, men han måtte samstundes seie frå seg kravet på den franske trona og avstå mange av dei spanske områda til Det tysk-romerske riket, Dei sameinte Nederlanda, Savoie og Storbritannia, som delte Det spanske imperiet i Europa seg i mellom.
I 1700 døydde Karl II, den siste spanske monarken frå Huset Habsburg, utan born, og testamenterte eigedomane sine til Filip, barnebarnet til halvsystera si og kong Ludvig XIV av Frankrike. Filip vart slik Filip V av Spania og sidan han òg var den yngre sonen til Dauphin av Frankrike, var Filip i arvefølgjerekka til den franske trona. Tanken om eit multi-kontinentalt Spania kontrollert av Ludvig XIV framkalla ein massiv koalisjon for å hindre at Filip tok over den spanske trona.
Krigen byrja sakte då Leopold I av Det tysk-romerske riket kjempa for å verne austerrikske Habsburg sitt krav på Spania. Då Ludvig XIV byrja å utvide områda sine, kom andre europeiske nasjonar (hovudsakleg England, Portugal og Dei sameinte Nederlanda) inn på den tysk-romerske sida for å hindre vidare fransk ekspansjon. Andre statar kom inn i koalisjonen mot Frankrike og Spania i eit forsøk på å vinne nye landområda eller verne sine gamle område. Spania var sjølv delt i støtta og hamna ut i borgarkrig.
Krigen fann hovudsakleg stad i Spania og det vestlege og sentrale Europa (særleg Nederlanda), med nokre viktige kampar i Tyskland og Italia. Prins Eugene og hertugen av Marlborough utmerkte seg som militære kommandantar i Nederlanda. Krigen vart ikkje berre utkjempa i Europa, men òg i Vestindia og koloniane i Nord- og Sør-Amerika, der konflikten av kolonistane vart kalla Dronning Anne-krigen. I løpet av heile krigen vart kom lag 400 000 menneske drepne.[5]
Krigen enda med avtalane i Utrecht (1713) og Rastatt (1714). Som følgje av krigen vart Filip V verande konge i Spania, men vart fjerna frå den franske arvefølgjerekka, og ein union mellom dei kongedøma vart hindra. Austerrikarane vann dei fleste spanske områda i Italia og Nederlanda. Hegemoniet til Frankrike på det europeiske kontinentet var over og ideen om ein maktbalanse vart ein del av den internasjonale tankegangen.[6] Filip fornya rask den spanske ambisjonen og tok nytte av maktvakuumet som oppstod etter Ludvig XIV døydde i 1715. Filip annonserte at han ville gjere krav på den franske krona om barnet Ludvig XV døydde og han prøvde å ta attende dei spanske områda i Italia. Dette førte til Kvadrupelalliansekrigen i 1717.