Den norsk-russiske grensa
statsgrense mellom Noreg og Russland / From Wikipedia, the free encyclopedia
Den norsk-russiske grensa er riksgrensa mellom Noreg og Russland. Ho strekkjer seg 196 kilometer frå Treriksrøysa i Pasvikdalen, der Finland, Noreg og Russland møtest, til Grense Jakobselv. To tredelar av grensa går langs elvar og vassdrag, i hovudsak Pasvikelva og Jakobselva. Grenselanda Noreg og Russland har om lag 230 operative soldatar kvar langs grensa. 396 grensemerke merkjer grensa. Av desse er det tre som markerer grensa utover i Barentshavet.
På norsk side blir grenseavtalen følgd opp med grenseovervaking (Garnisonen i Sør-Varanger), grensekontroll (Østfinnmark politidistrikt) og Grensekommissariatet for den norsk-russiske grense. Dei held tilsyn med avtaleverket og har jamleg kontakt med russarane. Det er berre ein grensekontroll, og den er i Storskog.
Russland hadde 14 grensestasjoner langs grensa fram til 2006. I 2007 vart 7 av desse lagt ned. Myndigheitene i Noreg og Russland held seg til grensekonvensjonen av 1826. Denne skal mellom anna sikre at begge har tilgang til grensevassdraga heile vegen.
I 2016 sette norske myndigheiter opp eit 200 meter langt ståltrådgjerde langs grensa ved Storskog.[1]
I 2016 vart det gjort ein avtale om at den russiske grensekontrollen ikkje tillét folk å krysse grensa om dei ikkje har rett visum til Noreg. Dette tyder at dei ikkje kan søke om asyl fordi dei aldri når Noreg. I tvilstilfelle har det norske grensepolitiet lov til å sjå pass medan eigaren må vente ved den russiske stasjonen.[2]