Den egyptiske revolusjonen i 2011
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den egyptiske revolusjonen var ein oppreist i Egypt frå januar 2011 mot styret til president Hosni Mubarak. Gjennom gatedemonstrasjonar, sivil ulydnad og streik i ei rekkje byar vart presidenten og fleire medlemmer av regjeringa hans tvinga til å gå av.
Demonstrasjonane blei utløyste av det vellukka opprøret i Tunisia. Trass eit generelt demonstrasjonsforbod blei det gjennom nettsamfunn og flygeblad mobilisert til masseprotestar den 25. januar, som offisielt var ein dag for å heidra politiet i landet. Dei tidlege protestane retta seg mot politivald, permanent unntakstilstand, feilslegne lover, arbeidsløyse, ønske om å auke minstelønna, bustadmangel, stigande matprisar, korrupsjon, mangel på ytringsfridom og dårleg levestandard.[1] Etterkvart utvida dei krava til å omfatta avgangen til Mubarak og styret hans.
Opprørspoliti, sivilt politi og innleigde bøller brukte hjelpemiddel som tåregass, skytevåpen, køyretøy og dyr mot demonstrantane. Desse gjennomførte likevel okkupasjonar av Tahrir-plassen i Kairo og Sidi Gaber-plassen i Alexandria, i tillegg til demonstrasjonar ei rekkje andre stader. Etter fleire veker med folkeleg oppstand og streikar, og sterkt internasjonalt press mot regimet, kunngjorde den nyutnemnde visepresidenten Omar Suleiman at president Mubarak var gått av den 11. februar. I staden for Mubarak overtok eit militært råd leia av Mohamed Hussein Tantawi makta. 13. februar opplyste dei at den upopulære grunnlova var ute av kraft og oppløyste parlamentet, men at regjeringa Mubarak hadde utnemnd ville bli sitjande.[2] 3. mars gjekk statsminister Ahmed Shafik likevel av til fordel for Essam Sharaf, ein tidlegare transportminister med større støtte frå opprørarane.[3] 19. mars godkjende 77 % av veljarane ei grunnlovsendring som la avgrensingar på presidentembetet.
Fleire hundre døydde under oppstanden og fleire tusen blei skadde. Offisielle tal frå 22. februar oppgav talet på dokumenterte døydde som 384 og skadde som 6 467.[4] Menneskerettsgrupper meiner talet er høgare, ei av dei har dokumentert 686.[5] Fleire tusen blei arresterte under oppreisten, mange av dei torturerte.[5]