Den assyriske kyrkja i Austen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den assyriske kyrkja i Austen er eit kristent autokefalt kyrkjesamfunn som berre anerkjenner dei to første økumeniske kyrkjemøta (Nikea i 325 og Konstantinopel i 381). Ho erklærte seg sjølvstendig i 424 og forkasta konsilet i Efesos i 431. Kyrkja er difor ikkje i kommunion med noko anna kyrkje. Kyrkja er leia av katolikos-patriarken av kyrkja i Austen.
Den assyriske kyrkja i Austen | |||
Grunnleggjar | Tomas, Thaddeus, Mari | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Arbil | ||
Leiar | Mar Gewargis III | ||
Medlemmer | 400 000[1][2] | ||
Nettstad | http://assyrianchurch.org/ |
Den assyriske kyrkja går attende på det oldkyrkjelege katolikatet Selevkia-Ktesifon, dvs. på dei kristne forsamlingane som låg austom (Aust-)Romarriket. Ho hadde hovudtyngda si i Persarriket, men fekk medlemmar heilt inn i Aust-Asia. Dermed var ho i mellomalderen den kristne kyrkja med størst geografisk utbreiing.
I dag har kyrkja derimot berre rundt 400 000 medlemmar. Rundt halvparten av desse lever i det opphavlege utbreiingsområdet til kyrkja (Iran, Irak, Syria og dessutan den indiske Malabarkysten) og resten i ein verdsomspennande diaspora (hovudsakleg i USA). Kyrkja har sidan 1964 vore splitta i to greiner:
- Den assyriske kyrkja i Austen (offisielt Austens heilage apostoliske katolske assyriske kyrkje) leia av katolikos-patriark Mar Gewargis III med sete i Chicago (USA) og følgjer den gregorianske kalenderen,
- Den gamle kyrkja i Austen (offisielt Austens gamle heilage apostoliske katolske kyrkje) leia av katolikos-patriark Mar Addai II med sete i Bagdad og følgjer den julianske kalenderen.