Delawarebukta
From Wikipedia, the free encyclopedia
Delawarebukta (engelsk Delaware Bay) er ei djup bukt, og ei forlenging av utløpet til Delawareelva på den nordaustlege kysten av USA. Denne bukta forkortar sjøvegen mellom Philadelphia og Baltimore, og må også brukast av alle skip som skal til hamna i Philadelphia. Bukta har eit areal på rundt 2030 km².[1] Ferskvatnet frå elva som renn ut i bukta blandar seg i mange kilometer med saltvatnet frå Atlanterhavet.
Delawarebukta | |||
bukt | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Del av | Atlanterhavet | ||
Delawarebukta 39.066666666667°N 75.166666666667°W / 39.066666666667; -75.166666666667 | |||
Kart over Delawarebukta (i turkis øvst t.h.)
| |||
Wikimedia Commons: Delaware Bay | |||
Bukta grensar til kystane av dei amerikanske delstatane New Jersey og Delaware, og med Delaware-kappa, Cape Henlopen og Cape May, ved Atlanterhavet. Det går ei ferjerute til og frå Cape May i New Jersey og Lewes i Delaware. Forvaltinga av hamnene langs bukta er ansvaret til det tostatlege organet Delaware River and Bay Authority (DRBA).