Dansk geografi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Danmark er det minste og sørlegaste av dei nordiske landa, like nord for sitt einaste naboland, Tyskland, sørvest for Sverige og sør for Noreg. Danmark vert rekna som eit skandinavisk land, sjølv om det ikkje høyrer til den skandinaviske halvøya. Vest for Danmark ligg Nordsjøen, medan Austersjøen ligg i søraust. Mellom Danmark og Sverige ligg Øresund og Kattegat, medan Skagerrak skil Danmark frå Noreg.
Danmark består av halvøya Jylland og 443 namngjevne øyar. Av desse er 76 øyar busett og dei største er Sjælland, Vendsyssel-Thy og Fyn. Øya Bornholm ligg aust for resten av landet i Austersjøen. Mange av dei større øyane er forbunde med bruer. Øresundbrua knyter Sjælland til Sverige, Storebæltbrua knyter Fyn til Sjælland, og Lillebæltbrua knyter Fyn til Jylland. Ferjer og småfly knyter saman dei mindre øyane. Dei største byane i Danmark er København (på Sjælland), Århus, Aalborg og Esbjerg (på Jylland) og Odense (på Fyn). I lag med Ekvatorial Guinea er Danmark det einaste landet forbunde til eit kontinent der hovudstaden ligg på ei øy.
Det nordlegaste punktet i Danmark er Skagen og Grenen, medan det sørlegaste punktet er Gedser (den sørlege spissen av øya Falster). Det vestlegaste punktet er Blåvandshuk, og det austlegaste er Østerskær, som er ein del av Ertholmane 18 km nordaust for Bornholm. Avstanden frå aust til vest er 452 km, og frå nord til sør 368 km.
Danmark er eit flatt land med lite høgdevariasjon. Middelhøgda til landet er berre 31 meter over havet, og det høgaste naturlege punktet er Møllehøj, med 170,86 meter. Andre åsar i same området sørvest for Århus er Yding Skovhøj på 170,77 meter og Ejer Bavnehøj med 170,35 meter. Det lågaste punktet er Lammefjord som ligg 7 meter under havoverflata.
Dei mange øyane i Danmark gjer at landet har ei lang kystlinje, 7 314 km. Ein perfekt sirkel som dekkja heile Danmark ville berre hatt ein omkrets på 742 km. Nesten alle område av Danmark ligg nær kysten, og ingen område er meir enn 52 km frå havet. Den eksakte storleiken til Danmark er vanskeleg å avgjere fordi havet konstant eroderer kystlinja, samtidig som innbyggjarane gjer mottiltak. På sørvestsida av Jylland varierer tidvatnet med mellom 1 og 2 meter, og kystlinja flyttar seg innover og utover med 10 km kvar dag.