Composition C-4
From Wikipedia, the free encyclopedia
C-4, eller Composition C-4, er eit plastisk sprengstoff med stor detonasjonsfart og sprengkraft, noko som gjer det eigna til militær nytte. C-4 er vanlegvis pakka i firkanta einingar. Hovudingrediensen (91% av vekta) er heksogen. Stoffa som er tilsett for å gjera hexogenen plastisk er polyisobutylen og dietylhexyl. I den sivile varianten er det tilsett 1,6% SAE-10 motorolje, medan den militære inneheld ein annan oljetype. C-4 er 1,34 gonger så eksplosivt som trinitrotoluen (TNT). Det kan detonerast med ein vanleg fenghette.
C-4 er eit relativt sikkert sprengstoff, men er meir kjenslevart enn TNT. Det kan ikkje detonerast ved hjelp av vanleg eld, skot eller støyt.
Det har ein detonasjonsfart på ca. 8 100 meter/ sek.[1]