Blå
additiv og subtraktiv primærfarge som ligg mellom lilla og grøn / From Wikipedia, the free encyclopedia
Blå er den fargen som spenner over bølgjelengder frå om lag 440 til 490 nanometer. Blå er ein av fargane som dannar fargepunkta i TV-skjermane. I estetikken reknar ein blått til dei kalde fargane.
Blå er ein heller sjeldan farge i levande organismar, og få matvarer har blå farge. Derimot er dagshimmelen og mange former for vatn blå. Lyshuda menneske kan òg få litt blåfarge, til dømes om dei slår seg eller blir svært kalde. Blåfargen kjem fordi blodet under huda får mindre oksygen. Blåmerke blir til ved at blodkar blir sprengde og sig ut i vevet, der det ikkje får tilført hemoglobin. Når ein blir blåfrosen, er det blodårene som trekkjer seg saman og dermed hindrar tilføring av hemoglobin. På grunn av samband mellom fargen og blåmerke har nokre lingvistar foreslått at det urgermanske opphavsordet hans, blǣwo, hadde noko slekt med ordet bliuwan, «å slå», men dei fleste aksepterer ikkje denne teorien.
Mange indoeuropeiske språk, mellom anna norrønt, brukte namnet på fargen om alle mørke fargar, og skilde såleis ikkje mellom blått og svart. Det er på grunn av dette at visse hindugudar, som Krisjna, ofte blir framstilde som blå — dei skal nemleg ha vore særs mørke i huda.
Somme språk, mellom anna russisk, har ikkje noko felles ord for alle blåfargar, men ser på himmelblått (голубой) og havblått (синий) som to «grunnleggjande» og ulike fargar. (Eit slikt skilje kan stundom bli bruka på norsk òg, i regnbogefargane, men der kallar vi den eine for blått og den andre for indigo.)