Blod-hjernebarrieren
From Wikipedia, the free encyclopedia
Blod-hjernebarrieren er ein kompleks fleirsella struktur som hindrar visse molekyl (til dømes giftstoff) og patogen frå å kryssa over frå kapillar-blodårene til vevsvæska i sentralnervesystemet. Den viktigaste delen av barrieren er endotelsellene som dannar veggene i kapillara.[1][2] Tette koplingar mellom endotelsellene avgrensar kva for molekyl som kan fara mellom dei og tvingar dei fleste til å gå gjennom sellene. Denne barrieren er meir avgrensande i blod-hjernebarrieren enn han er hjå andre endotel, og endotelsellene her er òg annleise.[1][3] Blod-hjernebarrieren har ei viktig rolle for vedlikehaldet av eit tenleg miljø for signaloverføring hjå nerveseller.[3]
Både pericyttar og astrocyttar ser ut til å spela ei rolle i reguleringa av blod-hjernebarrieren. Den ekstrasellulære matriksen har òg ei regulerande rolle.[4]
Veikte eller øydelagde blod-hjernebarrierar er funne i ulike sjukdomar som råkar sentralnervesystemet. Døme er multippel sklerose, Alzheimer, Parkinson-sjukom og epilepsi.[5] Kvite blodseller kan fara gjennom blod-hjernebarrieren etter å ha sett i verk fleire steg, noko som er viktig for ulike immunoppgåver. Ved multippel sklerose spelar ei slik gjennomstrøyming av kvite blodseller ei rolle i danning av arr i sentralnervesystemet.[6]