Blekkhus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Blekkhus er ein liten behaldar til å ha blekk i[1] som ein kan dyppa ein fjør- eller fyllepenn oppi. Behaldaren har lok, slik at innhaldet skal halda seg flytande lengst mogleg. Blekkhus kan vera forseggjorte krukker av glas eller keramikk. Ei blekkflaske med brei opning kan òg fungera som blekkhus.
Tidlege blekkhus kunne vera av horn, og kunne stikkast ned i eigne hol i dei skrånande skriveborda som ofte blei nytta av skrivarar i mellomalderen. Sidan 1800-talet har dei fleste blekkhus blitt laga av glas med skrulok av metall eller plast.
- Blekkhus frå Iran på 1500-talet.
- Blekkhus frå fyrste halvdelen av 1600-talet.
- Skrivbordsett med to blekkhus
- Moderne blekkhus av glas.