Belgisk Kongo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Belgisk Kongo var ein belgisk koloni i Sentral-Afrika frå 1908 til 1960. Kolonien blei overteken av den belgiske staten den 15. november 1908[5] frå kong Leopold II av Belgia, som hadde hatt personeig herredøme over han i åra 1885-1908 under namnet Fristaten Kongo eller Kongostaten. Etter sjølvstendet 30. juni 1960 fekk området namnet Kongo, seinare Zaire og så Den demokratiske republikken Kongo eller Kongo-Kinshasa. Den mineralrike provinsen Katanga blei under kolonitida i stor del administrert av gruveføretaket Union Minière du Haut Katanga.
Kjappe fakta
Belgisk Kongo | |||||
Belgisk koloni | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Nasjonalsong La Brabançonne | |||||
Hovudstad | Boma (1908–1923) Léopoldville (1923–1960) | ||||
Språk | |||||
Religion | Katolisisme (de facto)[4] | ||||
Poltisk struktur | Koloni (belgisk monarki) | ||||
Konge | |||||
- 1908–1909 | Leopold II | ||||
- 1909–1934 | Albert I | ||||
- 1934–1951 | Leopold III | ||||
- 1951–1960 | Baudouin I | ||||
Guvernør-general | |||||
- 1908–1912 | Théophile Wahis (fyrste) | ||||
- 1958–1960 | Hendrik Cornelis (siste) | ||||
Historie | |||||
- Annektert av Belgia]] | 15. november 1908 | ||||
- Erklærte sjølvstende | 30. juni 1960 | ||||
Innbyggjarar | |||||
- est. | 16,610,000 | ||||
Valuta | Belgisk kongofranc | ||||
I dag ein del av | Den demokratiske republikken Kongo |
Close
Landet omfatta størstedelen av Kongobekkenet med ei flatevidd på 2 345 000 km².