Batman-elva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Batman-elva er ei stor sideelv til Tigris søraust i Tyrkia. Ho spring ut i Anti-Taurus (ved Sason- og Genç-fjella) og renn om lag frå nord til sør, gjennom byen Batman og dannar ei naturleg grense mellom provinsen Batman og provinsen Diyarbakır. Den historiske Malabadibrua (bygd 1146–1147) kryssar elva nær byen Silvan.[1] Regionen langs Batman-elva er kjend for oljefelta her. Batmandemninga (tyrkisk Batman Baraji) vart bygd i 1999 i samband med eit vasskraftverk.[2][3]
Batman-elva | |||
elv | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Lengd | 115 km | ||
Kjelde | Anti-Taurus | ||
Munning | Tigris | ||
Batman-elva 37.783333333333°N 41.016666666667°E / 37.783333333333; 41.016666666667 | |||
Wikimedia Commons: Batman River | |||
Elva er på sitt breiaste kring 100 meter etter demninga, men vert så kring 50 meter brei og deler seg opp i fleire greiner på veg ned til Tigris.
I antikken vart Batman-elva kalla Kalat, som tyder brur for det syriske folket i området, og vart derfor omsett til gresk som Nymfios[4]). Arabarane kalla elva Satidama som tyder den blodige, og synte til slaga som vart utkjempa nær elva.[5] Elva var ei naturlg grense mellom Austromarriket og Persia og det vart ukjempa store slag her i 583 og 591. Den største festningsbyen ved elva var Martyropolis, dagens Silvan.[6] Namnet Batman kom i bruk først på 1800-talet.,[7]