Athaulf
From Wikipedia, the free encyclopedia
Athaulf er namnet på den andre kongen over vestgotarane. Han tok over etter Alarik og rådde frå 412 til 415. Athaulf er òg rekna som den første kongen av Toulouse-kongedømet.
Athaulf | |
Statsborgarskap | ingen verdi |
Fødd | 4. hundreåret Pannonia |
Død | |
Yrke | monark |
Far | Alatheus |
Ektefelle | Galla Placidia |
Athaulf på Commons |
Athaulf vart kalla til Italia frå Pannonia, der han var hovding for ein stor sambandshær av gotarar og hunarar. Som svoger av Alarik vart han rekna å vera av same ætta, og av høg byrd.
Då Alarik døydde utan ervingar, vart Athaulf vald til konge for visigotane. Under hans førarskap var visigotane i Italia til utpå året 413, då dei drog seg ut. I krisa som rådde valde romarane under keisar Honorius å tilby gotarane bustad i Gallia. I 413 kom det til herjing i Gallia, og stor uvisse om rettane visigotane hadde der. Keisaren drog seg frå avtala med gotarfolket, slik han før hadde svike Alarik, og Athaulf sette hæren til å herje i søre Gallia. Denne ufreden vara ved til 414, etter at Athaulf vart hardt såra under eit åtak på Massilia. Same våren ekta han søstera av keisar Honorius, Galla Placidia. Ho hadde vore eit viktig tingingskort i feiden mellom Athaulf og keisaren. Dei vart gift i Narbonne, og Athaulf bar romerske klede under bryllaupet.