Honorius av Vestromarriket
From Wikipedia, the free encyclopedia
Flavius Augustus Honorius (9. september 384–15. august 423) var vestromersk keisar frå 395 til han døydde. Honorius var den yngste av keisar Theodosius den store sine to søner med den første kona hans, Aelia Flaccilla. Bror hans Arcadius vart den første austromerske keisaren.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Flavius Augustus Honorius | |||
| |||
Romersk keisar | |||
Periode | 17. januar 395– 15. august 423 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 9. september 384 | ||
Fødestad | Konstantinopel, Istanbul | ||
Død | 15. august 423 i Ravenna | ||
Dødsstad | Ravenna | ||
Mor | Aelia Flaccilla | ||
Far | Theodosius den store | ||
Ektefelle | Maria, Thermantia | ||
Dynasti | Det theodosiske dynastiet | ||
Føregangar | Theodosius den store | ||
Etterfølgjar | opprørske kongar Konstantin III, Jovinus, Sebastianus, Priscus Attalus. Den rettmessige keisaren var Valentinian III |
Honorius vert sedd på som ein av dei svakaste av dei romerske keisarane. I dei første åra då han var mindreårig styrte vandalen Stilicho som regent, men sjølv i vaksen alder tok Honorius berre liten del i styringa av riket i eigne hender og overlét for det meste den verkelege makta til andre. Honorius’ regjeringstid fell saman med byrjinga av folkevandringstida. Indre uro og angrep frå ulike germanske folkegrupper sette Vestromarriket under eit stort press. I 410 vart Roma plyndra av Alariks visigotarar. I andre halvdel av regjeringstida hans makta medkeisaren Konstantius III å gjenopprette ein viss orden, men då Konstantius døydde i 421 oppstod det ein maktkamp som bidrog sterkt til å akselerere oppløysinga av Romerriket.