Arkitektur i Noreg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Arkitektur i Norge har historisk blitt påverka av endra økonomiske føresetnader, teknisk utvikling, demografiske svingingar og kulturelle endringar. Arkitektonisk påverknad frå andre delar av verda er tydelege i store delar av arkitekturen, men desse er ofte blitt tilpassa for å passa til norske klimatilhøve med harde vintrar og sterke vindar.
Arkitektoniske trendar i Noreg har òg endra seg parallelt med politiske og sosiale endringar gjennom hundreåra. Allereie på vikingtida hadde snikkararbeidet blitt utvikla til eit sofistikert handverk, som syner att i dei elegant konstruerte langskipa.
Etter at kristendomen var blitt innført i landet kom den romanske arkitekturen til å dominera i bygginga av katedralar og større kyrkjer, i stor del som eit resultat av religiøs påverknad frå England. Dette resulterte i karakteristiske rundboga kvelv, tønnekvelv, krossforma støttande pålar og krosskvelv.
På grunn av geografien var folkesetnaden og økonomien spreidde utover landet i mellomalderen. Som eit resultat av dette fortsette den tradisjonelle norsk gardskulturen å vera sterk, og Noreg skil seg frå dei fleste europeiske land gjennom at føydalismen aldri blei innført her. Dette gjer at det i Noreg finst få døme på barokk-, renessanse-, og rokokkoarkitektur, som dei herskande klassane andre stader i Europa favoriserte.
Desse faktorane, i kombinasjon med stor tilgang på tømmer, førte i staden til særskilde tradisjonar innan norsk folkeleg arkitektur som finst att i form av gardsbygningar på fleire norske friluftsmuseum. Det finst bygningar frå mellomalderen fram til 1800-talet på stader som Norsk Folkemuseum i Oslo og Maihaugen i Lillehammer. Det finst også bygningar som slår att på gardar, til dømes i Heidal.
På 1900-talet blei arkitekturen på den eine sida forma av koplinga si til norsk sosialpolitikk, og av innovasjonar innan arkitektur på den andre. Norske arkitektar har fått merksemd for arbeida sine, både nasjonalt - der arkitektur har vore sett på som eit uttrykk for velferdspolitikk - og internasjonalt på grunn av ei mengd innovative prosjekt.[1][2]