Aloha from Hawaii Via Satellite
From Wikipedia, the free encyclopedia
Aloha from Hawaii Via Satellite er eit konsertalbum av Elvis Presley som vart gjeve ut av RCA Records i februar 1973. Det nådde toppen av Billboard-lista våren same året. Trass i satellittnyvinninga, sende ikkje USA konserten før 4. april. Albumet dominerte listene og nådde både toppen av pop- og countrylista i USA.
Aloha from Hawaii Via Satellite Konsertalbum av Elvis Presley | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 4. februar 1973 | |
Innspelt | 14. januar 1973 | |
Sjanger | rock, Pop | |
Lengd | 62:48 | |
Selskap | RCA Records | |
Produsent | Joan Deary, Marty Pasetta | |
Elvis Presley-kronologi | ||
---|---|---|
Separate Ways (1972) |
Aloha from Hawaii Via Satellite | Elvis (1973)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
MusicHound | [2] |
The Rolling Stone Album Guide | [3] |
Rough Guides | [4] |
Aloha from Hawaii var ei dobbelplate - den eine av to slike plater i karrieren til Presley. Han vart først berre gjeven ut i kvadrofonisk lyd, og vart det første albumet i dette formatet som toppa Billboard-lista.
Albumet inneheld alle songane frå TV-sendinga, men har ikkje med fem songar Presley spelte inn etter konserten og som var med på den originale sendinga. Desse kom seinare ut på albumet Mahalo from Elvis.
Albumet selde til gullplate 13. februar 1973, platina og dobbel platina 20. mai 1988, trippel platina den 15. juli 1999, og femdobbel platina 1. august 2002 hos RIAA i USA.
Dette var det siste filmusikkalbumet Presley gav ut i levetida si.