Albatrossfamilien
fuglefamilie / From Wikipedia, the free encyclopedia
Albatrossar (Diomedeidae) er store sjøfuglar som saman med artane i stormfuglfamilien, stormsvalefamilien og dukkpetrellfamilien utgjer ordenen stormfuglar, Procellariiformes. Dei streifar vidt kring i Sørishavet og Nord-Stillehavet. Dei er fråverande frå Nord-Atlanteren, men fossil viser at dei ein gong levde der. I dag er dei berre sporadiske vandrarar som dukkar opp i Nord-Atlanteren. Albatrossane er blant dei største flygande fuglane, vandrealbatrossen har den største vengespennet av alle nolevande fugleartar. Familien er vanlegvis delt inn i fire slekter, men det er usemje om talet på artar som varierer mellom 12[1] og 21[2] artar avhengig av autoritet.
Albatrossfamilien | |
Svartbrynalbatross (Thalassarche melanophris) Foto: Uwe Kils | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av albatrossfamilien | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Albatrossfamilien Diomedeidae Gray, 1840 |
Albatrossane er svært effektive i lufta, ved hjelp av glideflogteknikkar kan dei dekke store distansar med lite bruk av energi. Dei beitar blekksprut, fisk og kril ved å ta avfall, gripe i vassoverflata eller dukke. Albatrossar hekkar i koloniar, mest på fjerne øyar, ofte nært saman med fleire andre artar. Parband mellom hannar og hoar kan byggast over fleire år med bruk av ritualdansar og vil vare i livet ut for paret. Ein hekkesesong kan ta over eit år frå egglegging til flygeferdige ungar, med eitt enkelt egg i kvart forsøk.
Av 21 artar av familien som er godkjende av International Ornithologists' Union, er 19 er raudlista som ikkje-livskraftige artar. Talet på albatrossar har tidlegare gått attende på grunn av hausting av fjør, men i dag er albatrossane trua av introduserte artar som for eksempel rotter og villkattar som angrip egg, ungar og hekkande vaksne fuglar; av forureining; av overfiske som har ført til alvorleg nedgang i fiskeførekomstane i mange regionar. Linefiske utgjer det største trugsmålet: fuglane jaktar agna på lina og blir dermed hekta fast. Identifiserte interessentar som styresmakter, naturvernorganisasjonar og folk i fiskerinæringa arbeider for å redusere denne «bifangsten».