Adam Ant
britisk skodespelar og gitarist / From Wikipedia, the free encyclopedia
Adam Ant (fødd Stuart Leslie Goddard, 3. november 1954) er ein engelsk musikar som vart kjend som songar og frontmann i New Wave/post-punk-gruppa Adam and the Ants og seinare som soloartist. Dei hadde fleire hittar i heimlandet mellom 1980 og 1983, inkludert tre førsteplassar. Ant var òg ei stjerne i Amerika der han ikkje berre fekk fleire hitsinglar og album, men ein gong vart kåra til den mest sexy mannen i Amerika av sjåarane på MTV. Han var òg skodespelar og har spelt i fleire filmar og fjernsynsepisodar mellom 1985 og 2003.[1]
Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Adam Ant | |||
| |||
Fødd | 3. november 1954 (69 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Marylebone | ||
Fødenamn | Stuart Leslie Goddard | ||
Opphav | Marylebone i London | ||
Aktiv | 1976 til i dag | ||
Sjanger | New Wave, post-punk, New Romantic | ||
Instrument | Vokal, gitar, bass | ||
Plateselskap | CBS, Columbia, MCA, EMI | ||
Verka som | Musikar |
Close
Sidan 2010 har Ant helde fram musikkarrieren sin og spelt fleire konsertar, spelt inn eit nytt album og turnert i Storbritannia.[2][3]