År
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit år er i utgangspunktet den tida det tar jorda å gå ein runde rundt sola, eit solår. Andre planetar har òg år, som til dømes eit marsår. Ein kan rekna år på ulike vis, som ved å telja årstider eller årlege hendingar, eller rekna ut korleis jorda rører seg i høve til sola og stjernene. Det er vanleg å feira ulike årsmarkeringar, som nyttår når ein reknar med at eit nytt år tek til, og fødselsdagar på årsdagen for ein fødsel. Andre jubileum markerer årsdagen for andre hendingar.