Yueyang
From Wikipedia, the free encyclopedia
Yueyang (kinesisk: 岳阳; pinyin: Yuèyáng) er eit byprefektur nordaust i provinsen Hunan i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet, som grensar mot begge provinsane Hubei og Jiangxi, har eit areal på 14 896 km² og 5 477 911 innbyggjarar i 2010. Av desse budde 977 036 menneske i storbyen.
Byprefekturet Yueyang omfattar tre distrikt (区 qū), to byfylke (市 shì) og fem fylke (县 xiàn).