Wittenberg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lutherstadt Wittenberg, er ein by i den tyske delstaten Sachsen-Anhalt, liggjande ved Elben. Wittenberg har ei rekkje bygningar frå 1400- og 1500-talet. Byen vart éit av dei viktigaste sentera for tysk politikk, kunst og kultur på 1500-talet. Reformasjonen starta her i 1517 då Martin Luther slo opp dei 95 tesane sine på døra til slottskyrkja. Martin Luther, Philipp Melanchthon og Lucas Cranach den eldre arbeidde her og Luther, Melanchton og Fredrik den vise er gravlagt i byen. Husa til Luther og Melanchton, bykyrkja og slottskyrkja er frå 1996 oppført på UNESCO si liste over kulturarv i verda som minnesmerke over Luther. Wittenberg var hovudstad i den saksiske Kurkreisen og residens for hertugane, seinare kurfyrstane av Sachsen-Wittenberg. Seinare vart byen òg sentrum for kjemisk industri og eit viktig jernbaneknutepunkt på strekningane Berlin-Leipzig og Magdeburg-Dresden.
Wittenberg | |
---|---|
Marknadsplassen med det gamle rådhuset, statue av Martin Luther og Stadtkirche | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Sachsen-Anhalt Sachsen Wittenberg |
Ordførar | Eckhard Naumann (SPD) |
Geografi | |
Flatevidd - By |
240.32 km² |
Innbyggjarar - By (2012) - folketettleik |
46930 195/km² |
Koordinatar | 51°52′N 12°39′E |
Høgd over havet | 75 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 06886, 06888, 06889 |
Telefon-retningsnummer | 03491, 034920, 034928, 034929 |
Bilnummer | WB, GHC, JE |
Heimeside: www.wittenberg.de |