Vågå kommune
kommune i Innlandet fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Vågå kommune er ein kommune i Ottadalen i Oppland i Innlandet fylke. Han grensar til Lesja i nord, Dovre og Sel i aust, Nord-Fron i søraust, Vang i sør og til Lom i vest.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Vågå kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Adm.senter | Vågåmo | ||
Areal | 1 330 km² | ||
- land | 1 258 km² | ||
- vatn | 72 km² | ||
Folketal | 3 531 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Harald Sve Bjørndal (Bygdalista) | ||
Kommunenr. | 3435 | ||
Vågå kommune 61.875°N 9.0958333333333°E / 61.875; 9.0958333333333 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Vågå | |||
Nettstad: www.vaga.kommune.no | |||
Lukk
Kommunen ligg omkring det nedre dalføret av Ottaelva, mellom kommunane Sel og Lom. I sør høyrer den øvre delen av Sjodalen som ikkje er busett til Vågå. Dei fleste innbyggjarane bur i Vågåmo, Lalm og Tessand. Av andre bygder i kommunen kan nemnast Nordherad, Skogbygda og Skårvangen.