Viktoriansk litteratur
From Wikipedia, the free encyclopedia
Viktoriansk litteratur er engelskspråkleg litteratur som vart skapt under styret til dronning Victoria av Storbritannia (1837–1901), det som vert kalla viktoriatid. Denne litteraturen dannar eit samband og overgang mellom forfattarane i den romantiske perioden og den særs vesenforskjellige litteraturen på 1900-talet.
I løpet av 1800-talet vart romanen den leiande forma for skjønnlitteratur på engelsk. Verka til førviktorianske forfattarar som Jane Austen og Walter Scott hadde perfeksjonert både nærgåande sosial satire og spennande forteljingar. Populære bøker opna opp for romanen hos det lesande publikummet. 1800-talet er ofte framheva som eit høgdepunkt i britisk litteratur forutan òg i land som Frankrike, USA og Russland. Bøker, og særleg romanar, vart vanlege og tilgjengelege overalt. Viktorianske romanforfattarar la grunnlaget for ein litterær arv som enno er gyldig og til stede i særleg britisk litteratur.