Via Nomentana
From Wikipedia, the free encyclopedia
Via Nomentana er ein antikk romarveg. Han gjekk nordaustover frå Roma til Nomentum (i dag Mentana). Strekninga er 23 kilometer lang; det tilsvarer 14 romerske mil. Det låg fleire bruer på dette veggstrekket, den største av dei var Ponte Nomentano.
Vegen byrja opphavleg ved Porta Collina i den servianske bymuren. Det var keisar Aurelianus som på 200-talet e.Kr. fekk bygd Porta Nomentana i sin nye bymur, som seinare blei kalla den aurelianske muren. Pave Pius IV vedtok å flytta den første delen av vegstrekninga, og i samband med dette fekk han bygd Porta Pia.
Denne vegen blei aldri ei viktig ferdselsåre, og nokre kilometer forbi Nomentum gjekk Via Nomentum og Via Salaria saman til éin veg. I dag følgjer den moderne motorvegen same vegløp frå Roma til Nomentum (dagens Mentana), men på visse stadar kan ein framleis sjå restar av brusteinsoverlaget frå den antikke vegen.