Verdas høgaste bygningar
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdas høgaste bygningar er ofte kalla skyskraparar. Denne lista er laga på grunnlag av ei måling av avstanden mellom bakkenivå og «høgaste arkitektoniske element». Dette inneber at spir, statuar eller andre element integrerte i arkitekturen vert rekna som teljande for bygget si totalhøgde. Derimot vert antenner, flaggstong eller andre delar som ikkje er integrerte i den arkitektoniske strukturen utelatne. Takhøgda i bygget er berre relevant der ingen andre integrerte arkitektoniske element finst.
Som eit resultat av denne måten å måle på vert til dømes Petronas Towers i Malaysia definert som høgare enn Willis Tower i Chicago, trass i at Willis Tower er høgare målt etter både takhøgde og høgaste totalpunkt. Petronas-tårna er toppa med spir som når opp til 452 meter, medan Willis Tower, som har ei totalhøgde med antennene på 527 meter, etter denne målestandarden vert 442 meter høgt.
Bilete under viser nokre av dei høgaste bygningane i verda (over 400 meter).