Varv
From Wikipedia, the free encyclopedia
Varv er eit årleg avsetingslag for sediment eller ein sedimentær bergart.
Omgrepet varv kjem frå det svenske varv som tyder «kvarv», «lag» eller «krins». Termen oppstod som hvarfig lera (lagdelt leire) på det første kartet som var laga av Sveriges geologiske undersøkingar i 1862. Varv vart opphavleg brukt for å skildre separate komponentar av årlege lag i glasiale innsjøsediment, men på Geological Congress i 1910 foreslo den svenske geologen Gerard Jakob De Geer (1858-1943) ein ny formell definisjon der varv skulle skildre årslag generelt for sedimentære avsettingar. Nyleg er òg omgrep som årleg lamina brukt synonymt med varv.
Av dei mange rytmittane funne i den geologiske lagrekka, er varv ein av dei viktigaste og mest opplysande for å studere historiske endringar i klima. Varv er blant dei mest småskala hendingane ein kan kjenne att i stratigrafi.