Vaju
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vaju (sanskr. वायु, 'vind') er ein vedisk gud for lufta, vinden og pusten, og har dermed makt over livet. Vaju er også kjend under namna Vāta (वात, som òg tyder 'vind'), Prāna (प्राण, 'pust', 'liv'), og under tilnamnet Pavana (पवन, 'den reinsande').
I seinare hinduisme har han nesten heilt gått inn i skikkelsen til Indra. Berre nokre få hymner i Rigvedaen lovprisar Vaju, og i seinare mytologi er rolla hans blitt endå mindre. Han har likevel ei viktig stilling som faren til Hanuman og Bhisjma frå dei episke hovudverka i hinduismen, Ramayana og Mahabharata.