VM i friidrett 2013
From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdsmeisterskapen i friidrett 2013, den 14. i rekka, vart avvikla på Luzjniki-stadion i Moskva i Russland mellom 10. og 18. august 2013. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn og 23 for kvinner. Frå 206 deltakarland vart påmeldt 1 974 utøvarar.
I meisterskapen vart sett tre meisterskapsrekordar. Bohdan Bondarenko frå Ukraina hoppa over 2,41 meter i høgdehopp, Jamaica sitt kvinnelag på 4x100 meter stafett kom i mål 41,29 sekundar, og Tatjana Lysenko frå arrangørnasjonen oppnådde 78,80 metter i sleggjekast.
Spydkastaren Andreas Thorkildsen fekk beste plasseringa av dei norske deltakarane, då han vart nummer sju i spydtevlinga. Jaysuma Saidy Ndure vart nummer åtte på 200 meter, det same vart Henrik Ingebrigtsen på 1500 meter. Femtusenmeter-løparane Sindre Buraas og Karoline Grøvdal kom begge på 13. plassen i respektive tevlingar.