University of Nebraska–Lincoln
From Wikipedia, the free encyclopedia
University of Nebraska–Lincoln (ofte berre kalla Nebraska, UNL eller NU) er eit offentleg forskingsuniversitet som ligg i Lincoln i Nebraska i USA.[1] Det er det eldste og største universitetet i delstaten og eit flaggskipuniversitet.
University of Nebraska–Lincoln | |||
| |||
| |||
Motto | Literis Dedicata et Omnibus Artibus | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 1869 | ||
Type | Flaggskip Offentleg Land grant | ||
Stad | Lincoln i Nebraska | ||
Studentar | 25 108 (september 2020), 43 014 (1. september 2021) | ||
Tilsette | 6 432 (september 2020) | ||
Medlemskap | Digital Library Federation, Association of Research Libraries, Center for Research Libraries | ||
Nettstad | http://www.unl.edu/ (engelsk) |
Universitetet vart grunnlagd i 1869 som eit land-grant-universitet, to år etter at Nebraska vart ein delstat i USA. Kring 1900 vart universitetet utvida kraftig. Nebraskametoden for økologiske studiar utvikla seg her på denne tida, noko som var eit pionerarbeid innan økologi i slettelandskap og la grunnlaget for forsking på teoretisk økologi for resten av 1900-talet.[2][3] Universitetet er delt inn i åtte college, fordelt på to campusar i Lincoln med over 100 skulebygg og forskingsanlegg.[4]
Idrettsprogrammet, kalla Cornhuskers, er medlem av Big Ten Conference. Nebraska sitt lag i amerikansk fotball har vunne i alt 46 ligatitlar og sidan 1970 vorte nasjonale meistrar fem gonger.[5] Laget spelar på Memorial Stadium med ein kapasitet på kring 85 000 menneske, noko som er meir enn den tredje største byen i Nebraska, Bellevue.[6][7]