Ullensvang kyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ullensvang kyrkje er ei steinkyrkje bygd i åra 1250-1300 i Lofthus i Ullensvang kommune. Opphavleg stod kyrkja utan tårn. Tårnet vart oppført framføre vestinngangen mellom 1883 og 1885. Den opphavlege vestportalen vart då sett inn som portal vest i tårnet. Det vart også sett til to tverrstilte tilbygg i nygotisk stil på sørsida av kyrkja.
Ullensvang kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Roar Johansen | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Ullensvang | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Hardanger og Voss | ||
Sokn | Ullensvang | ||
Fellesråd | Ullensvang | ||
Type | Langkyrkje | ||
Periode | Gotikk | ||
Arkitekt | Arnstein Arneberg (restaurering 1958) | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Stein | ||
Tårn | Påbygd 1884-1886 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 430 | ||
Ullensvang kyrkje 60.3195°N 6.6532°E / 60.3195; 6.6532 | |||
Wikimedia Commons: Ullensvang kyrkje | |||
I 1958 vart kyrkja restaurert på nytt, under leiing av Arnstein Arneberg. Mykje av det nygotiske interiøret frå 1870-talet vart då teke vekk og interiøret vart prega av 1950-talet, inspirert av 1600-talet med dører framfor benkene etc. Veggene fekk ny puss innvendig, og det vart lagt kvelving over skipet.
Kyrkja står i det nordvestre hjørnet av kyrkjegarden. Nordvest for kyrkja er Ullensvang prestegard.
Ved avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg kyrkja i Ullensvang prestegjeld.