Tyngdebølgje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tyngdebølgjer er i væskedynamikk ei bølgje i ei væske eller i grenseflata mellom to medium (t.d. atmosfæren og havet) der tyngdekraft eller oppdrift er den gjenopprettande krafta.
Når ein væskepakke blir forskyvd på ei grenseflate eller internt i område med forskjellig tettleik, vil tyngdekrafta trekke pakken tilbake til likevekt, noko som fører til ei svinging om likvektspunktet. Tyngdebølgjer mellom luft-sjø grenseflata blir kalla overflate tyngdebølgjer eller overflatebølgjer, medan interne tyngdebølgjer vert kalla interne bølgjer. Havbølgjer eller tsunamiar er døme på tyngdebølgjer.