Termalt lågtrykk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Termale lågtrykk er lågtrykk som oppstår over kontinenta i subtropiske strøk som områda nær Sonoranørkenen, Det meksikanske platået, Sahara, Sør-Amerika over det nordvestlege Argentina, Australia, Den iberiske halvøya og Tibetplatået på den varme tida av året som følgje av intens oppvarming av overflata samanlikna med områda rundt.[1] Dei oppstår altså ikkje i samband med frontar.
Over vatn kan det dannast termale lågtrykk om vinteren når lufta over vatnet er kaldare enn det varme vatnet. Termale lågtrykk har berre svake sirkulasjonar og kan strekkje seg i høgder opp til 3100 meter over bakken. Termale lågtrykk over vestlege og sørlege delar av Nord-Amerika, Nord-Afrika og det søraustlege Asia er sterke nok til at det oppstår ein monsun om sommaren. Utviklinga av termale lågtrykk like innanfor ei kyststripe fører til solgangsbris. Solgangsbris kombinert med kupert terreng nær kysten kan føre til dårleg luftkvalitet.