Taranto
kommune i Italia / From Wikipedia, the free encyclopedia
Taranto er ein kystby i Italia. Han er hovudstad i provinsen Taranto i regionen Puglia. Han har ei viktig kommersiell hamn og hovudbasen til den italienske marinen.
Taranto | ||
---|---|---|
Taranto sett frå Via Appia | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Region Provins |
Italia Puglia Taranto | |
Grunnlagd | 706 fvt. | |
Borgarmeister | Ippazio Ezio Stefàno | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
217 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2001) - folketettleik |
201 349 973/km² | |
Koordinatar | 40°28′N 17°14′E | |
Høgd over havet | 15 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 74100 | |
Telefon-retningsnummer | 099 | |
Nettstad: www.comune.taranto.it |
Han er den tredje største byen på det italienske fastlandet med om lag 200 000 innbyggjarar. Byen har ein velutvikla stål- og jernindustri, oljeraffineri, kjemiske fabrikkar, skipsverft som byggjer krigsskip og matproduksjonsfabrikkar.
Taranto har ei historie som går tilbake til 700-talet fvt. då han vart grunnlagd som ein gresk koloni. Øyane S. Pietro og S. Paolo vernar bukta Mar Grande som byen ligg rundt. Gamlebyen lgig rundt ei anna bukt kalla Mar Piccolo.
Mot slutten av 1800-talet vart det bygd ein kanal slik at militærskip kunne gå inn til hamna i Mar Piccolo og den gamle antikke byen vart ei øy. I tillegg er det bygd festningsverk både på småøyane i bukta og langs kysten.
Dei greske kolonistane frå Sparta kalla byen Taras etter den mytiske helten (Taras), medan romarane, som bygde vegen Via Appia til byen, kalla han Tarentum.
Taranto er òg kjend for det britiske åtaket på basen Regia Marina under den andre verdskrigen, kalla slaget ved Taranto.
Taranto er òg opphavet til det vanlege namnet på edderkopparten Theraphosidae, som me kallar tarantell. I antikken skal innbyggjarane i Taranto etter å ha vorte bitt av den store lokale ulveedderkopp, Lycosa tarentula, omgåande ha starta ein lang energisk dans. Dette vart gjort for å sveitte ut gifta og slik overleve bitet. Dansen vart lokalt kalla Tarantella, som etter kvart vart nytta om desse store, stundom hårete, edderkoppane.