Tallinn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tallinn (eldre Lindanäs; tysk og (tidlegare svensk Reval) er hovudstad og med eit folketal omkring 400 000 den største byen i Estland. Byen ligg heilt nord i landet ved Finskebukta. Namnet på estisk språk er ei samandraging av Taani linn, noko som tyder «danskeborga» eller «den danske byen». Reval er det tradisjonelle tyske og svenske namnet, men etter kvart er Tallinn mest bruka. I samband med andre verdskrigen vart svenskane og tyskarane tvinga til å flytta ut av landet. Andre historiske namn er mellom anna Koluvan, Lindanise, Lindanisa (Lindanäs), Revalia, Revel, Reveln, Räffle og Tallin.
Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...
Tallinn | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Estland | ||||
Maakond | Harju maakond | ||||
Først nemnt i | 1154 | ||||
Borgarmeister | Mihhail Kõlvart | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
159,2 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2013) - folketettleik |
427 894 2 687,8 /km² | ||||
Koordinatar | 59°26′0″N 24°45′0″E | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Nettstad: www.tallinn.ee |
Lukk
Gamlebyen i Tallinn vart i 1997 teken med på verdsarvlista til UNESCO.