Tajo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tajo (spansk) eller Tejo (portugisisk, latinsk Tagus, gresk Tàghos) er den lengste elva på Den iberiske halvøya. Ho har ei lengd på 1038 km, der 716 er i Spania, 47 km dannar grensa mellom Spania og Portugal og dei gjenverande 275 km er i Portugal, der ho munnar ut i Atlanterhavet ved Lisboa. Ho drenerer eit område på 80 100 km² (det nest største nedslagsfeltet på Den iberiske halvøya etter Douro). Ho renn gjennom tronge dalar det meste av lengda si, men etter Almourol renn ho ut i ein langt breiare dal som er utsett for flaum. I dag regulerer Alcantarademningen store delar av elva.
Tajo | |||
elv | |||
Tajo sett frå Almourol-borga i Portugal | |||
Land | Spania, Portugal | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 80 100 km² | ||
Lengd | 1 038 km | ||
Middelvassføring | 500 m³/s | ||
Kjelde | Fuente de García i Albarracínfjella, Teruel i Spania | ||
Munning | Atlanterhavet ved Lisboa | ||
Tajo 40.3197°N 1.6975°W / 40.3197; -1.6975 | |||
Tajo på Den iberiske halvøya
| |||
Wikimedia Commons: Tagus River | |||
Kjelda til Tajo ligg i Fuente de García i Albarracínfjella. Alle dei store sideelvane hennar kjem frå høgre (nord). Dei største byane langs Tajo er Aranjuez, Toledo og Talavera de la Reina i Spania, og Abrantes, Santarém, Almada og Lisboa i Portugal.