Taipingopprøret
From Wikipedia, the free encyclopedia
Taipingopprøret var eit bondeopprør frå 1850 til 1864 mot mandsjudynastiet i Kina, Qing. Opprørarane fekk kontroll over større område, men blei til slutt slått ned etter at Qing fekk hjelp frå vestlege land. Opprøret var leidd av Hong Xiuquan.
Hong Xiuquan, påverka av kristne misjonærar, kalla seg «Kristi yngre bror» og forkynte ein ny religion der tilhengjarane blei lova eit gudsrike på jorda (t'ai p'ing tyder 'stor fred'). Sosiale reformer var likevel hovudsaka. Store mengder misnøgde bønder samla seg under Hong, som utnemnde seg sjølv til keisar og sine næraste medarbeidarar til kongar. Taipingane gjekk inn for sosiale reformer, dei erobra jord og delte ut, og prøvde å erstatta lokale religionar med ei form for kristendom. Ettersom rørsla kjempa mot mandsjuane, fekk ho også eit nasjonalistisk preg. Qing-dynastiet vakla, men fekk støtte av den kinesiske mellom- og overklassen, som mislikte brota med gamle tradisjonar, dei «bondske» skikkane til opprørarane. Europearane i Kina heldt seg lenge nøytrale.