Tínos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tínos (gresk Τήνος, italiensk Tine) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. I antikken vart Tínos kalla Ophiussa og Hydroessa. Dei næraste øyane er Ándros, Dílos og Mýkonos. Ho har eit areal på 194 km² og eit folketal på rundt 8 500 innbyggjarar.
Tínos Lokalt namn Τήνος | |
---|---|
Hamna på Tínos | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 37°32′N 25°10′E |
Øygruppe | Kykladane
|
Areal | 194,6 km²
|
Høgaste punkt | Tsikniás (750 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Tínos |
Største busetnad | Tínos (4 936 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 8 934 (2021[1]) |
Folketettleik | 45,9 /km² |
Tínos er frå 2011 ei periferieining i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Tínos hadde tidlegare tre kommunar, men heile øya er no ein kommune, den einaste i periferieininga.[2]
Mellom 1207 og 1715 høyrte Tínos til Republikken Venezia, og frå 1715 til 1821 høyrte ho til Det osmanske riket før ho vart ein del av Hellas.
Tínos er hos grekarane kjend for kyrkja Panajía Evangelístria, dei om lag 20 vindmøllene, om lag tusen kunstneriske dueslag, femti aktive landsbyar og dei venetianske festningsverka i fjellet, Exómvourgo.
Øya ligg om lag midt i Kykladane og på grunn av kyrkja Panajía Evangelístria, som visstnok inneheld eit mirakuløst ikon av Jomfru Maria kjem det årleg mange pilegrimar her. Dette er kanskje den mest aktive pilegrimsstaden aust i Middelhavet i dag.
Av mineralressursar på øya finn ein marmor, Verde antico, asbest og eit granittbrot nær Vólakas.