Sør-Trøndelag fylke
tidlegare fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Sør-Trøndelag fylke er eit tidlegare fylke i Noreg, som utgjorde den sørlege delen av Trøndelag. Fylket grensa i sør til Hedmark og Oppland, i sørvest til Møre og Romsdal, i nord til Nord-Trøndelag og austom svenskegrensa til Jämtlands län. Største by og administrasjonssenter i fylket var Trondheim.
- «Sør-Trøndelag» omdirigerer hit. For avisa med same namn, sjå avisa Sør-Trøndelag.
Sør-Trøndelag fylke | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Del av | Midt-Noreg | ||
Adm.senter | Trondheim | ||
Areal | 18 856 km² | ||
- land | 17 909 km² | ||
- vatn | 947 km² | ||
Folketal | 318 359 (30. juni 2017) | ||
Målform | nøytral | ||
Statsforvaltar | Brit Skjelbred (konstituert) | ||
Fylkesordførar | Tore O. Sandvik (Ap) | ||
Fylkesnummer | 16 | ||
Sør-Trøndelag fylke 63.39°N 10.26°E / 63.39; 10.26 | |||
Wikimedia Commons: Sør-Trøndelag | |||
Nettstad: www.stfk.no | |||
Fylket vart oppretta i 1804, da Trondhjems amt vart kløyvd til Nordre og Søndre Trondhjems amt. Sistnemnde endra i 1919 namn til Sør-Trøndelag fylke, som stammar frå norrønt þrǿndalǫg, av folkenamnet þrǿndr, og lǫg, 'lovområde, trønderanes lovområde'. Den siste endringa av fylkesgrensa var i 1966, da Innset sokn var ført over frå daverande Kvikne kommune i Hedmark til Rennebu kommune. Fylkesvåpenet hadde to krosslagde raude øksar som er dekt over med ein raud krosstav mot gull bakgrunn. Det er teikna etter seglet til Gaute Ivarsson, som var erkebiskop av Nidaros i 1475–1510.
27. april 2016 vart det vedteke av fylkespolitikarane i Nord- og Sør-Trøndelag at dei ønskte slå saman dei to fylka til eitt. 8. juni fekk samanslåinga ja frå Stortinget. 1. januar 2018 vart fylket slått saman med Nord-Trøndelag fylke att til Trøndelag fylke.[1][2]