Svolt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Svolt eller hunger er ei kjensle som oppstår når ein manglar mat eller anna næring. Ho kan skildrast som ei gnagande eller sugande kjensle under brystet. Kjensla gjer at ein ønskjer å eta — om ein ikkje gjer det, men svelt over lang tid, vil kroppen svekkast av underernæring, og ein kan døy. Svolt er eit stort problem på verdsbasis. SN sin Food and Agriculture Organization gjekk i 2009 ut frå at 1,02 milliardar menneske, ein sjettedel av alle menneska i verda, var underenærte.
- «Sult» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Sult (fleirtyding).