Svend Aspås
norsk arkitekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Svend Halvorsen Aspaas (fødd 1736 i Ålen, død 1816 på Røros) var ein norsk byggmeister, arkitekt og kyrkjebyggar. Han leia mellom bygginga av dei store åttekantkyrkjene i stein: Røros kyrkje, Vang kyrkje (Ridabu) og Sør-Fron kyrkje. For Stor-Elvdal kyrkje var han og arkitekt.
Svend Aspaas kom tidleg til Røros koparverk. Som 17-åring byrja han i lære som smiegut og seinare vart han underbyggmeister og frå 1803 overbyggmeister ved koparverket. Han vart i 1769 sendt til Kongsberg for å få meir opplæring i gruvebygging, i 1784 var han og Falun. Der lærte han seg bruk av slaggstein som byggemateriale.
For generalveimester nordenfjelds, oberstløytnant Nicolai Frederik Krohg, konstruerte han fleire bruer, og han sette opp damanlegg i Bymarka ved Trondheim for Ila mølle.