Stuttgart
From Wikipedia, the free encyclopedia
Stuttgart er ein by sørvest i Tyskland og hovudstad i delstaten Baden-Württemberg. Byen har kring 597 000 innbyggjarar (2012). Stuttgart er eit viktig knutepunkt for jarnvegar og motorvegar, Byen har òg ei viktig hamn ved elva Neckar.
Stuttgart | |
---|---|
Neues Schloss and Schlossplatz | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Baden-Württemberg Stuttgart Kreisfri by |
Ordførar | Fritz Kuhn (Bündnis90/Die Grünen) |
Geografi | |
Flatevidd - By |
207,36 km² |
Innbyggjarar - By (2012) - folketettleik |
597 939 2 884/km² |
Koordinatar | 48°46′36″N 09°10′39″E |
Høgd over havet | 247 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 70173–70619 |
Telefon-retningsnummer | 0711 |
Bilnummer | S |
Nettstad: www.stuttgart.de |
Byen er velkjend for sine mange høgteknologiske føretak. Stuttgart er ein av dei viktigaste og rikaste byane sør i Tyskland.
Stuttgartregionen har størst tettleik i Tyskland når det gjeld vitskaplege, akademiske og forskingsretta arbeidsplassar. I byen finst det to universitet, åtte faghøgskular, to Max-Planck-institutt og mange andre forskingsinstitutt.
Stuttgart, som er hovudsete for Porsche og DaimlerChrysler, vert sedd på som ein av fire bil-hovudstader i verda. Dei andre er Toyota i Japan, Detroit i USA og Torino i Italia.