Sleigh Ride
song / From Wikipedia, the free encyclopedia
«Sleigh Ride» er ein populær julesong av Leroy Anderson. Komponisten fekk ideen under ei heitebølgje i juli 1946 og skreiv ferdig songen i februar 1948. Teksten, som handlar om ein person som ønsker å køyre i ein slede ein vinterdag med ein annan person, vart skriven av Mitchell Parish i 1950. Orkesterversjonen vart først spelt inn i 1949 av Arthur Fiedler and The Boston Pops Orchestra. Songen vart ein hit på RCA Victor Red Seal 49-0515 (45 rpm) / 10-1484 (78 rpm), og har sidan vorte ein signaturlåt for orkesteret. Singelen kom opphavleg ut på raud vinyl. Orkesteret spelte òg inn songen med John Williams, dirigenten deira frå 1979 til 1995, og Keith Lockhart, den noverande dirigenten.