Skellig Michael
From Wikipedia, the free encyclopedia
Skellig Michael (Sceilig Mhichíl på irsk, tyder Michael's klippe), òg kalla Great Skellig, er ei øy med bratte klipper om lag 15 km vest for kysten av County Kerry i Republikken Irland. Ho er den største av dei to Skelligøyane.
Skellig Michael Lokalt namn Sceilig Mhichíl | |
---|---|
Skellig Michael | |
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 51°46′N 10°32′W |
Øygruppe | Skelligøyane
|
Høgaste punkt | Skellig Michael (230 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Republikken Irland |
Grevskap | Kerry
|
Demografi | |
Folketal | 0 |
I 600 år var øya eit viktig senter for klosterlivet til irske, kristne munkar. Eit irsk-keltisk kloster vart bygd i fjellsida på øya i 588, og vart ein del av UNESCO si verdsarvliste i 1996. Klosteret er eit av dei mest kjende, men minst tilgjengelege i Europa.
Sidan Skellig Michael ligg så pass avsidesliggande er ho først nyleg oppdaga av turistar og staden er svært godt bevart. Dei spartanske forholda inne i klosteret viser den asketiske livsstilen som dei tidlege irske kristne førte. Munkane budde i steinhytter (clochan) ovanfor nesten vertikale klippeveggar.