Sevansjøen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sevan eller Sevansjøen (armensk Սևանա լիճ, kalla Geghamsjøen (Գեղամա ծով) i antikken) er den største innsjøen i Armenia og ein av dei største fjellinnsjøane i verda. Heile innsjøen ligg innanfor den austlege provinsen Gegharkunik. Han får vatn frå 28 elvar og bekkar[1]. Berre 10 % av utsiget går gjennom elva Hrazdan, medan resten fordampar. I lag med Vansjøen og Urmiasjøen, var Sevan ein av dei tre store innsjøane i det historiske Kongeriket Armenia, som samla gjekk under namnet Dei armenske sjøane. I dag er innsjøen derimot den einaste av desse tre som framleis ligg i Armenia. Sevanavank er det historiske området nær innsjøen.
Sevan Սևանա լիճ | |||
innsjø | |||
Utsyn over Sevan | |||
Land | Armenia | ||
---|---|---|---|
Tilsig | 28 elvar | ||
Utløp | fordamping (90 %), Hrazdan | ||
Høgd over havet | 1930 moh. | ||
Lengd | 78 km | ||
Breidd | 56 km | ||
Areal | 940 km² | ||
Volum | 58 km³ | ||
Koordinatar | 40°19′N 45°21′E | ||
Sevansjøen 40.310555555556°N 45.349166666667°E / 40.310555555556; 45.349166666667 | |||
Wikimedia Commons: Lake Sevan | |||
Før mennesket blanda seg inn og drastisk endra økosystemet i innsjøen var han 95 m djup, og dekte eit areal på 1 360 km2 (5 % av Armenia sitt totale areal), og hadde eit volum på 58 km3 og ein omkrets på 260 km. Overflata på innsjøen var 1 950 m over havet.